FTV kandidat: Karoline Abildsnes

Hei! 

Mitt namn er Karoline Abildsnes, eg er 22 år og går tredje året på lærarutdanninga. Som kandidat som Fakultetstillitsvalt (FTV) er ei av mine hjartesaker å krevje automatisk karaktergrunngjeving til eksamen. Slik forduftar ikkje eksamensbesvaringa til studenten opp i berre ein bokstavkarakter, men studenten sikrast også eit innblikk i kva sensor meiner dei meistra og kva som kunne vore gjort betre. Dette vil vere eit nyttig grep for å auke læringsutbyttet for studenten, i tillegg til at det er både tid- og ressurssparande.

Etter at eg no har satt i vervet som FTV sidan suppleringsvalet i september, er det ei langt meir orientert og erfaren jente som stiller til gjenval i dag. På desse to månadane har eg lært særleg mykje om studentdemokratiet, og erverva erfaringar og kunnskap som vil komme godt til nytte i det vidare arbeidet. I tillegg har det vore eit verv eg har trivast godt i. Eg veit kva som krevst av tid, energi og struktur, og er klar for halde vidare på dette vervet og til å lære enda meir.

Som FTV vil eg halde fram med å jobbe for å vere synleg i mitt arbeid for studentane på samtlege campus. Eg er motivert for å ta ansvar og til å bidra som best eg kan med mi evne til å vere løysingsorientert, reflektert og utadvent.

Eg set stor pris på å få di stemme!

 

 

 

 

 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

nb_NO
en_US